Olden frå isbreen

Frå Blåfjellskilda i Oldedalen har det naturlege mineral-vatnet Olden sitt opphav.
I over 30 år har dette vatnet vore på hyllene i norske butikkar. I tillegg har det vore ein betydeleg eksport av vatn til utlandet.
Grunneigar for Oldenvatnkilda og fabrikkområdet søker no nye samarbeidspartnar for sal og distribusjon av det kjende og kvalitetssikra vatnet.

Kilde til naturleg mineralvatn - mellom fjell og fossar -
like ved Jostedalsbreen nasjonalpark

Olden Brevatn har over tid levert populære produkt som Olden med og utan kullsyre, Olden Eple og også med andre smakar.
Lokala til fabrikken er veldrivne og moderne, og ligg i eit heilt spesielt og spektakulært naturområde med fjell, foss og isbre omkring. Sjølve vannkilda kjem frå Blåfjellet, og den store Myklebustbreen som ligg like ved Jostedalsbreen.

Det er ulike årsaker til at Olden Brevatn-fabrikkane no er til sals, og vi ynskjer å kome i kontakt med veletablerte aktørar i markedet for vidare drift. Kontakt oss via kontaktskjema for meir informasjon.

Oldevatn-fabrikkane ligg midt i vakker natur i Oldedalen, Stryn kommune.
Olden er også ei kjend merkevare som har vore etablert i markedet i over 30 år.

Oldedalen ligg omkransa av Jostedalsbreen og Myklebustbreen - og er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark